Spesielle reglar for «molofiske»

Skilt med reglar for fiske på moloen
Heng helst høgt og viser skrifta ut mot fle og sjø. Ikkje så lett å få auga på, denne meldinga. (Foto: Steinar Hystad)

Ikkje spesielt godt synleg bodskapen om fiskereglar frå Leirvik molo. Skiltet heng høgt – og ikkje minst fordi informasjonen vender ut mot Fle og sjø.  Men dei spesielle reglane gjeld, lell, stadfester fiskeforvaltar Gry Walle hjå statsforvaltaren i Vestlandet  (tidlegare fylkesmannen).

– Skiltet viser til ei særskilt forskrift, kva seier den. Og kva fiskesone er det tale om?

– Sona gjeld utløpet av Frugardsvassdraget, som rekk fram til moloen. Forskrifta fortel mellom anna at det ikkje er lov å fangsta laks og sjøaure i innan sona

– Skulle ein torsk sjå seg interessert i sluken som bil kasta ut frå området under Storddøra?

– Ja, då er det berre å snella han inn, det same med makrell, torsk, pala eller lyr, seier fiskeforvaltaren til stordront.no

Skiltet heng på pålen der forbodskiltet mot parkerings tronar på toppen. (Foto: Steinar Hystad)