Kvitnes og Vamp på utescenen

Fengselet Hotell har rigga for selskap og konsertar i Luftegarden. (Foto: Steinar Hystad)

Det som tidlegare var luftegarden for Stord Hjelpefengsel, er blitt den sommarlege konsertarena for  Gamle Fengselet Kulturhotell.

– Ny platting er bygt, og på den står det nett noe eit telt der det på førsommaren er halde fleire større selskap. I teltet kan me dekka til 160 gjester, fortel hotellvert  Asle Ege Dahl  til stordront.no

– Men det reknar me ikkje med er nok plassar ved dei to storkonsertane me kan by på i juli. Henning Kvitnes den 7. og Vamp  den 21.. Då blir teltet teke ned, mobilscenen køyrd inn og plattingen rigga med 400 stolar.  I august kjem telt opp att, til  ein kveld med  kvartetten Bergesen, Wichman, Træet og Torget i «Fitjarrevyen» og  konsert  med  gladjazz i samarbeid med Stord Jazzklubb.

– Kva med belegget på cellene og romma?

– Det går veldig bra, med stort sett fullt i vekene og kanskje litt ledig i helgane, seier hotellverten.