Byggjenytt i halve juni

Nye legekontor og lokale for akupunktør godkjende til bruk i øvre del av Stord Helsepark.

Som sak 295 2023, gjorde Regulering, byggesak og oppmåling (RBO) 15. juni vedtak om adresseendring i Haga-området. Her følgjer, nokre andre søknader som er behandla på delegasjonsfullmakt  første del av denne månaden:

– Rammeløyve, dispensasjon, einebustad Midthaugen
– Endring eksisterande bygg, Klingenbergvegen
– Rammeløyve, dispensasjon,  nybygg naust og brygge, Dåfjorden
– Løyve til tiltak, dobbel garasje med bod, Rødkleiv
– Løyve til tiltak, opplæringssenter med kontor, Kjøtteinsvegen
– Bruksløyve for akupunktør 3. etasje Stord Helsepark
– Mellombels bruksløyve 4 bustadriggar og treningsrigg, Eldøyane
– Mellombels bruksløyve legekontor 4. etasje Stord Helsepark
– Løyve til tiltak, einebustad med sokkelhusvære, Holevegen
– Ferdigattest, utviding og rehabilitering av Klingenbergkaien