M/S Sunnhordland gjekk siste rundturen for HSD 20. juni 1973

Eit historisk bilete for Stord og Leirvik, for M/S Sunnhordland, for dei mange ferjer som trafikkerte Sunnhordlandsbassenget og dei mange Bussar som forlet Sunnhordlandskaien rundt kl., 1800 kvardagar i korrespondanse med båtane. Biletet tok Tor Resser 19. juni 1973 – dagen før siste rundturen.

Mimrediktet «Når  M/S Sunnhordland  kom»  høver som reprisesending  når stordront i dag markerer at det er  gått femti år sidan   «Sunnhordland» gjekk siste runden Bergen – Sunnhordland – Bergen. Det skjedde  20. juni 1973. – for 50 år sidan  i dag.  Hyllingsdiktet er å finna i boka «Stordhendingar – i mimrebolken  1970 – 1979».

Når Sunnhordland kom innøve baien
Møtte alle me vikafolk opp på kaien
Presis som eit dyrt sveitserur
Kom han frå Bergen på sin daglege tur
Trossa vart festa  kvart på seks
Sto me i vegen, fekk med av Haugland korreks

Lasting og lossing gjekk føre seg framme
Midtskips kom posten i land med det samme
Men det var akter det var spennande å stå
Der kunne me alle byfarande sjå
Kva hadde ho og han gjort i Bergen i dag?
Å, jasså ja- var det dei som hadde vore i lag?

Siste nytt fekk me på direkten der og då
Me trong slettes ikkje Dagrevyen sjå
Hadde kontrollen med det me trong
Hadde å prata om då farveldingelingen song
Om natta kom Sunnhordland på tur nor’
Då var det mange som til Bergen for

På vårparten  1973 kom det frå HSD
Til Sunnhordlands vener ein trasig beskje’
20. juni blir siste runden for snøggruta
Det var nett før vikafolket byrja møsetuta
Trøysta får vera eit ettermæle i stjerneklassen
– i Finland fann båten vår den nye tumleplassen.

PS i 2015 vart Sunnhordland henta «heim» att og har no sin faste base ved ventekaien i Leirvik.

Formannen i Stord Fitjar Turlag Hans Breivik møtte opp med blomar til kaptein Knut Larsen samaman med sekretær i laget, Otto Macody Lund. (Foto: Tor Resser)