Nye utstillingar i det maritime museet

Nye vegger i museet fortel gamal maritim historie (Foto: SMM/Magne Langåker)

Stord Maritime Museum på Nattrutekaien er klar til å ta i mot besøkande i sommar med nye utstillingar og montasjar, fortel Gunnar Bjørk, leiar i stiftinga.

–  Eit tjue tals flott båt-modeller har fått sin eigen vegg. Historia om «handelsbåten»,  som vart nytta av grossistar til  varepresentasjon  i distrikta blir  fortalt. Det same blir soga om første kvinne som var sjukepleiar på kvalfangst i Sørishavet, ho kom frå Stord.

– Museet er fullt av gjenstandar som speglar industri og kystkultur historie i Sunnhordland. For vaksne eit tilbakeblikk, for born ein spanande historietime, fastslår Bjørk.

Stor samling av motorar og båtar på Nattrutekaien