Hatland skule – lesarbrev frå Stord sogelag

(Foto: Steinar Hystad)

Stord sogelag har arbeidt for at denne historiske og unike skulen og området rundt skal bli teke vare på, både som eit kulturminne og som ein samlingsstad for allment bruk. Oppmodinga om å engasjere seg kom frå eit medlem på eit årsmøtet, og styret i laget har frå 2017 hatt jamnleg kontakt med kommunen for å få avklart status for bygningen og området rundt.

Etter eit møte med representantar for kommunen, bl.a. kommunalsjef Lovise Vestbøstad, i januar 2019, blei det laga ei oppsummering, m.a. tiltak for å sikre bygningen mot vidare forfall og drøftinga av  korleis kulturminnet kunne sikrast og takast i bruk.

Stord sogelag informerte om at vi ville ta initiativ til å danne eit venelag som kunne ta ansvar for bygningen og området, til bruk av fellesskapet / grendalaget.

Det blei kalla inn til eit skipingsmøte 16. oktober 2019. Det møtte 21 personar, og i møtet kom det fram at majoriteten yngste at skulebygget burde bli ståande på Hatland og at det var mange i grenda/området som var interesserte i å gjere ein innsats, og var engasjerte i å ta vare på og bruke bygg og omgivnader til ulike aktivitetar  til beste for fellesskapet.

Området hadde vore ein samlingsplass ei tid, men etter at kommunen vedtok å midlertidig plassere ein bustad for vanskelegstilte på skuleplassen, hadde det vore hendingar som gjorde at både ungar og vaksne ikkje lenger såg at tidlegare bruk kunne halde fram så lenge bustaden sto der.

På møtet blei det sett ned eit interimstyre på 6 personar, inkludert ein representant frå Langeland skule og frå Stord sogelag. Ein ville bestemme organisasjons- og formell form på venelaget når kommunen hadde bestemt seg om ein ville avhende skulen og når området eventuelt kunne gjerast om til eit kulturminne med eit allmennyttig føremål.

Etter det har det vore mange kontaktar mellom Stord sogelag og kommunen med oppmoding om ei avklaring på status.

Interimstyret i Venelaget har vore klar til å overta eigedomen og det ansvaret som fylgjer med .

Stord sogelag søkte midlar frå Stord sparebank og fekk ei gåve på 50 000 kroner til ivaretaking av Hatland skule.

 Avlidne Anstein og Martha Lohndal testamenterte 50 000 kroner til Stord sogelag. Midlar som ev. også  kan nyttast av eit venelag til å få rehabilitert bygning og området.

Vi viser til at kommunen no har bestemt seg for å avhende skulen og ein del av området.

Ein privarperson har vendt seg til kommunen og er interessert i å overta og ivareta eigedomen og legge til rette for den type aktivitetar som Stord sogelag tok initiativ til å få oppretta eit venelag for å gjere.

Det er positivt at einskildpersonar viser samfunnsansvar og interesse for å ta vare på kulturminne .

I dette tilfelle er det alt etablert eit organ, samansett av eit representativ utval av folk med ulik kompetanse, forankra i lokalmiljøet, som sikkert meir enn gjerne ynskjer samarbeid med både denne personen og andre ressurspersonar.

Stord sogelag viser til forslag om å skille ut den midlertidige bustaden på eige bruksnummer og vidareføre bruken av huset.

Dette er ikkje noko god løysing og vil avgrense bruken av skulen og området som sosial samlingsstad, og heller ikkje ideelt for dei som skal bu der.

Området blir mindre for allmenn bruk, og med erfaring frå tidlegare, vil ikkje dette vere ei god løysing.

Om ikkje komunen vil ta på seg kostnadane med å flytte det mobile  bygget, kan det vere ei løysing å overdra også dette til nye eigarar/venelaget slik at bygget kan nyttast til utvida aktivitetar til beste for lokalsamfunnet.

Elles ser Stord sogelag det som svært uheldig at det gamle og verneverdige bustadhuset som fylgde med oppkjøpet av tilstøytande areal, har stått til nedfalls, og dermed har enda eit verdifullt kulturminne i kommunen gått tapt. Heile dette unike kulturmiljøet og kulturlandskapet og husa -burde vore teke vare på for no – og ettertida.

Stord kommune er forplikta i høve til berekraftsmåla. Arbeidet for å ta vare på kulturarven i verda er omtala i delmål 11. 4 : Styrke innsatsen for å verne om og sikre verdens kultur – og naturarv.

Stord sogelag meiner dette, slik saka står, best blir ivareteke om skulebygget og området blir overdradd til Venelaget for Hatland skule.

Stord 12.06.2023

Beste helsing

Stord sogelag v/Kjellbjørg Lunde, leiar og Asbjørn Aasheim, kontaktperson i styret for Hatland  skule.