Meirinntekt frå skatt bergar tertialrekneskapen

Driftsrekneskapen rådmannen i Stord legg fram per 30.april, har eit samla mindreforbruk på 0,5 mill. kroner. Rekneskapen syner likevel eit netto meirforbruk i einingane på nær 14 mill. kr. Meirforbruket  er fordelt med 10 mill. kr i tenesteområde rehabilitering, helse og omsorg, 1,5 mill. kr i oppvekst og kultur, 1,6 mill. kr i plan og utvikling og 0,6 mill.kr i formannskap og driftsutval. At kommunen samla kjem ut med eit mindreforbruk per april, skuldast  meirinntekter på skatt, rammetilskot og finansinntekter. Meirforbruk i einingane syner ei kostnadsutvikling som rådmannen er uroa over.

I tertialrapporten som skal til formannskapet neste veke, heiter det vidare:

Budsjettet for 2023 vart lagt fram og vedteke i balanse og med eit driftsresultat på kr 0. Budsjettet er basert på regjeringa sitt forslag om ein lønns- og prisvekst på 3,7 prosent for 2023. Dette igjen var basert på budsjetterte kostnader for 2022, justert for forventa prisvekst 2023. Spesielt prisauke på varer og tenester auka meir i 2022 enn det som var budsjettert. Mange einingar opplever difor redusert ramme fordi reelle kostnader aukar meir enn budsjettrammene. Det vert av den grunn vanskelegare å halde budsjettrammene, spesielt der ein har faste driftsavtalar som er regulert etter konsumprisindeksen. Sjølv om regjeringa i revidert nasjonalbudsjett justerer kommunal deflator til 5,2 prosent vil dette ikkje være tilstrekkeleg til å kompensere einingane for reel prisvekst. Driftsåra 2020, 2021 og 2022 har vore prega av ein ekstraordinær situasjon knytt til korona-pandemien. Sjukefråvær knytt til korona vart kompensert og nokre tiltaksmidlar vart også tildelt kommunane. Konsekvensen av dette vert at store delar av sjukefråværet ikkje fekk den same økonomiske verknaden i kommunerekneskapen. Det har og vore vanskeleg å setja inn tiltak for å redusera sjukefråværet og å auke nærværet desse åra. Rådmannen har i budsjettrevisjonen lagt til grunn at Stord kommune har ei auke i skatt og rammer på til saman 25 mill. kr. Dette kjem i Revidert nasjonalbudsjett som eit svar på auke i lønns- og prisveksten. Det er også eit positivt avvik på kraftsalsfondet, men sidan dette er meir uføreseieleg har ein valt å ikkje ta inn ein auke i forventa prognose.

–  Rådmannen kan legge til grunn ei forventa auke på renteinntekter på bankinnskot, og auke i utbytteinntekter frå SKL. Det er ein risiko i budsjettrevisjonen at rådmannen sitt anslag for skatteinntekter kan vera for optimistisk. Ein er og tidleg i året, og sikrare tal for å berekne skatteinngangen har ein først i september/oktober. Utvikling i rentekostnader er påverka av faktorar utanfor kommunen sin kontroll og sjølv om ein vurderer rentekostnadane som sikre no, kan biletet endre seg. Rådmannen ser samstundes at avkastning av kraftsalsfondet til no i år har vist eit positivt avvik på 5 mill. kr. Dette er ikkje lagt inn i budsjettet sidan marknaden kan gå både opp og ned. Kostnader til energi er så langt i år 1 mill. kr mindre enn 2022 samstundes som ein i og budsjettet har lagt til grunn at forbruket er likt som i 2022. Dersom den positive trenden held fram, kan dette slå positivt ut i rekneskapen for 2023.