Ber om ny behandling

Skulebygget er nede «for telling», medan lagerbygget framleis ventar på godkjenning for å bli rive og skifta ut med nybygg. (Foto: Steinar Hystad)

Fronta-gruppa  fekk ja til riving, men nei til nybygg då det vart søkt om vidare framdrift kring det salryggja og tilårskomne lagerbygget  ved Vikastemmo/Vabakkjen. I mellomtida har yrkesskulebygget på haugen rett bak blitt rive og tomta der klargjort for nybygg. 

I kommunen si grunngjeving for  avslag på nytt forretningsbygg, vert det vist til diverse uavklarte tilhøve nettopp mot skuletomta.  I klageskriv  frå Fronta vert det  peika på at fylkeskommunen har hatt  planane  deira  til uttale, utan å koma med merknader. Såleis skulle det ikkje vera noko til hinder for nybygg, og difor blir det bede om at søknaden får ny behandling.