Topp topptur – i topp turvèr

Nokre toppar er brattare enn andre….(Foto: Line Hystad)

– Dei  som takkar ja til  deltaking i topp 8-turen til Stord Fitjar Turlag har uvanleg mykje att for  startkontigenten.   Ikkje minst det å læra fjellet vårt å kjenna på ein ny måte. At det er mange ruter å gå, at det er fleire toppar enn «kjendisane» Stovegolvet og Kattnakken.  At det i turlaget finst mange kjekke og hjelpsame personar, som, ofte saman med sponsorar, heiar på deg når du du tykkjer det er  veldig bratt til topps. Då gir det styrke med påfyll av saft og småknask fram mot neste topp. Samt det  faktum at ein  full  runde med åtte toppar kjennes i  lår- og kneområda,  når ein skal ta siste innspurt nedover til mål.  Fantastisk vondt, etter ein fantastisk tur i det best tenkjelege  turveret vestanfjells. Og berre blide folk.

Ut frå denne kommentaren frå ein av dei  402  som stilte  til topptur i  det strålande vèret søndag, kan ikkje annan slutning trekkjast enn at dette vart ein topp topptur.  I fjor vart det mykje regn og søla i stiane.

Deltakarane kunne velja  mellom 1 topp, 4 toppar eller full pakke med 8 toppar.  Først  Steingilsheddi,  vidare til Budalsfjellet, Stavlio,  Sørliknatten, Skårafjellsåto,  Skårafjellet, Nibbo og Stovegolvet  – så nedover sti og trapp til målpassering ved nedre brua på Kattnakkevegen.

All ros til Turlaget for tiltaket.

God mottaking og lett servering på Stovegolvet (Foto: Line Hystad)