Ja, til uttynningsfiske

Ådlandsvatnet ein stille vinterdag. (Foto: Steinar Hystad)

Statsforvaltaren i Vestland har svart ja til Ådlandsvatnet fiskelag (grunneigarane) sin søknad om også i år å driva uttynningsfiske av småfisk (aure) for å betra vekstvilkåra for større fiskar.  Hjå statsforvaltaren er det gjort ei grundig vurdering av tilhøva i vatnet før vedtaket om utfiske med garn er teke.  Her heiter det mellom anna:

Kunnskapsgrunnlaget etter § 8 i naturmangfaldlova omfattar informasjon frå søkjar, lakseregisteret og tidlegare års erfaring med uttynningsfiske i Ådlandsvatnet. Av viktige verdiar som registrert i vatnet er blant anna ål (sterkt truga), laksefisk, fleire raudlista akvatisk planteartar, og dvergdykker (sterkt truga). I uttynningsfisket med garn som Ådlandsvassdraget fiskelag har organisert i fleire år, er det ikkje fanga fugl eller ål i garna. Ådlandsvassdraget er eit kystnært lågareliggande vassdrag, og det er venta at mesteparten av smolten har vandra ut av vassdraget før garnfisket tek til. Ut frå resultata frå tidlegare års utfisking, vurderer vi risikoen for bifangst av laks og sjøaure som låg. Vi kan ikkje sjå at uttynningsfisket slik det er planlagt vil føre til vesentlege økologiske endringar i vassdraget. Garnfiske er effektivt til uttynningsfiske. I kombinasjon med plassering, tidspunkt for utøving av fisket og oppsyn med oppvandrande anadrom fisk, meiner vi § 12 om miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar er oppfylt.