Programmet formar seg for Fest i Vest -23

C.C Cowboys spelar laurdag 24. juni under Fest i Vest (Pressefoto)

Nyaste  pressemeldinga  frå Fest i Vest i Sagvåg, stadfestar at små og store har å gleda seg til  i helga  23. – 25. juni.  

–  Me har jobba iherdig med å sy i saman eit godt program og her er ein del av det me har å by på, seier festivalleiar  Britt Heidi Værøy

Fredag 23.juni spelar Frode Alnæs, SKAAR, Endre Olsen & Hestehandlarane og Ferdamann. Dagen etter, laurdag 24.juni, står CC Cowboy, Ausekarane, Statsmenn og TBA på scenen.

Laurdag blir det også dagprogram med besøk av Sinnamekkeren på scenen.  Brannbamsen Bjørnis kjem, og så blir det ein ny versjon som tar over for det populære Sjørøvarshowet.

Søndagen blir det utegudsteneste  i Gruveparken på Litlabø klokka 11:00.

Som tidligare år blir det rigga til for  bubil-camp på  gamle ferjekaien.

Endre Olsen og Hestehandlarane kjem fredag 23. juni.