«Bu i hytta» – kan gje folkevekst på Huglo

I Lindalen på Nordhuglo er det høve til å få seg hyttetomt. (Foto: Steinar Hystad)

Fitjar kommunestyre har opna for at folk med hytte i kommunen kan gjera om frå fritidsbustad til  fast adresse – på hytta. Populært omtalt som «Bu i hytta».  Og kanskje kan det same skje i Stord.  Rådmannen har fått politisk oppdrag om å førebu sak, etter at  Stord kommunestyre  gjorde følgjande vedtak:

«Bu i hytta: Kommunestyret viser til vedtak gjort i Fitjar kommune der ein opnar for at ein kan bu i hytta dersom ein melder flytting til kommunen.  Kommunestyret meiner dette kan vera aktuelt også for Stord , til dømes på Huglo. Ein ber om sak til Utval for  plan og utvikling i løpet av  første halvår 2023 for å ta stilling til om Stord kommune til liks med Fitjar skal leggja til rette for dette.»

Frå Rådhuset  på Leirvik er det alt sendt  e-postar til kollegane i Fitjar Rådhus, med spørsmål etter dokument og eventuelt regelverk i saka.

Eit ja-svar frå politikarane i Stord vil vera heilt i tråd med ønskje frå Huglo bygdalag, som i innspel til  arealdelen i revidert kommuneplan, har lagt inn oppmoding om  å gjera det mogleg å få fast adresse på hytter. Eit positiv trekk i arbeidet for å få nye innflyttarar.