Benkefornying i Parken

To bakerste benker er alt skifta ut. (Foto: Steinar Hystad)

Ved eit første augekast ser benkene framom tribunene i Parken ut til å vera i bra stand. Venelaget for Parken, med Reidar Lunde i førarsetet, veit etter nærare ettersyn at tilstanden ikkje er den beste og er kome igang med fornying.

Benkene har stått til teneste i mange år i alle slags vèr og det viser no att. Det er tid for skifte, og som så mykje anna som er gjort i Parken, blir jobben med å leggja ny sitjeplank utført på dugnad. Sparebanken Vest har sponsa med kronasje til materialkjøp, og dei som har lyst å vera med på sjølve benkefornyinga er velkomne til å gje ei hand og to laurdag komande frå klokka 10.00, seier Lunde til stordront.no.