Ber om «ordensreglar» for bosdunkane

Ofte blir bodunkane ståande veg offentleg veg, etter at dei er tømde. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

– Tømde bosdunkar blir ofte ståande fleire dagar ved vegane våre. Der er dei i vegen for skuleborn, rullestolbrukarar, svaksynte og brøytebilen når den er i aksjon. Ikkje er dei fine å sjå til heller, skriv  raudtpolitikar Mohamed Kallel i ein interpellasjon til Utval for menneske med nedsett funksjonsevne.

Han viser til at det særleg etter uvèr er problem med desse dunkane, av di dei då ligg velta og er i vegen for dei som brukar fortau og dei som køyrer bil.

Kallel og  partiet hans  ber  utvalet  sjå om det grunnlag for eit samarbeid med SIM om utarbeiding av retningsliner for å unngå at dunkane blir ståande  rundt om etter tøming.  Oppmodinga lyd då:

– Me snakkar stadig om at me bur på Sommarøya Stord, finaste øya. Då må me alle bidra til at øya og særleg Stord kommune ser rein og velstelt ut.