Drømmestipend til Brita Angeltveit

Her er Brita Angeltveit ( i midten), saman med Jens Nylund frå Norsk kulturskoleråd og varaordførar Nancy Aasheim. Foto: Anne Lene Østvold Jordåen.

Laurdag formiddag mottak ein jublande glad Brita Angeltveit Drømmestipend frå Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd. Brita blei tildelt stipendet i kategorien teater, og stipendet er på 30 000 kr.

Brita har musikkteaterutdanning frå Bårdar Akademiet i Oslo og studerer no kommersiell formidling, med fordjuping i teater. Når Brita budde her heima på Stord var ho som lita jente med i Stord teaterlag og dei seinare åra aktiv i Spinae. Brita draumar om å kunne skapa teater som er for alle og ikkje berre dei som er særskild interessert. Ho draumar og å kunne leva å skriva og spela i nyskapande, underhaldande og samfunnsaktuelt teater som gjennom humor og alvor bringer alle slags typar av folk saman.

Les meir om Drømmestipendet og Brita på drømmestipendet.no

Denne saka er henta i si heilskap frå stord.kommune.no etter avtale.