Attval og god drift i Sogelaget

Attval for kasserar Odd Stuve Rommetveit og leiar Kjellbjørg Lunde (Foto: Steinar Hystad)

Meldinga for driftsåret 2022 vitnar om god aktivitet og medlemsauke for Stord Sogelag. Såleis vart det også mykje godtfolk i salen då det torsdag kveld vart halde utvida årsmøte i Museumssalen. Innleiingsvis fortalde arkeolog Øystein Skaar frå fylkeskommunen om resultat av fornminnesøk langs traseen for «nye E39 over Stord, kor det er gjort ein del interessante funn. (som stordront.no kjem attende til).

Etter foredrag, kaffi, pannekaker og andre kaker, og prat, la leiar Kjellbjørg Lunde fram fyldig årsmelding, medan kasserar Odd Stuve Rommetveit presenterte reknerskap i balanse, med grei likviditet. Medlemstalet har passert 150.

Både leiar og kasserar tok attval til styret, der dei har med seg nestleiar Liv Ingrid Grov, skrivar Asbjørn Aasheim og Gunnar Strand, Møtande vararepresentantar: Peggy M Bærøy, og Bjørn Bjørlykke. :