Både asfalt og grus, takk!

Tett i tett: Hol i både grusveg og asfaltveg

Den som siktar bilen inn på parkeringsplassen ved Solidhuset og banane på Nysæter – vil oppdaga at det vanskeleg å manøvrera seg inn frå hovudvegen utan å detta i eit hol. Det er nemleg djupe hol anten ein vel asfalten, eller grusvegen ved sida. Tipsaren reknar med det finst både grus og asfalt i eit depot i kommunen og at «rette instans» kan ta turen å fylla i.