Tøff vinter i Digernessundet!

– Eine vindpølsa på Stordabrua har i lang tid vitna om tøffe forhold i Digernessundet denne vinteren. 

Er det forresten ikkje krav til vedlikehald på pølsene óg?

Det er ein tipsar som stiller spørsmålet. Tidlegare i veka tok han bilerte av  restane av det som ein gong var ei vindpølse som gjorde varslarjobben sin.  No er det berre flusser att, og det ser ikkje særleg bra ut.