SV først med lista til kommunevalet

Her er kommunestyrekandidatane til Stord SV for neste fireårs-bolk

Fredag 31. mars klokka 12.00 er siste leveringsfrist for politiske parti som vil stilla liste ved kommunevalet i Stord i år. I kunngjering frå kommunen vert det understreka at dei som kjem etter fristen, vert avviste. Valet skal haldast måndag 11. september, medan det vert høve til føreåtrøysting i rådhuset  frå  10. august  til 8. september.

Alt på morgonkvisten 9. mars leverte  Stord Sosialistisk Venstreparti  liste med sine kandidatar til godkjenning hjå valstyret.

SV har i inneverande periode to av  35 plassar i  Stord kommunestyre.  Ved valet 2019 vart fordelinga av «sete» elles, slik:  Ap 11, Frp 7, Raudt 1, Høgre 7, Sp 5, KrF 2, Venstre 1 og MDG 1.