–  Takk skal de ha

Søndag føremiddag pløgde mann og maskin fortauet mellom Tveita og Vabakken. (Foto: Steinar Hystad)

Med mars-snøfall på totalt 20 centi på flat mark, fordelt over tre-fire dagar, vart det mange økter for brøytemannskapa rundt oss.  Ikkje før var dei ferdig med ein runde, så passa snøprodusenten på å sleppa ned nokre centi til – og endå nokre centi i tillegg. Søndag føremiddag var det  godt rydda både på fortau og  køyrande vegar – slik at det gjekk greitt å røra på seg utan større fare for fall og glidetaklingar.

På vegner at mange, seier  stordront.no til brøytarane: – Takk skal de ha.