Sikkert trong for desse ein stad…

Har lege ved Sponavikvegen fleire månader. (Foto: Steinar Hystad)

Brukarar av Sponavikvegen har nokre månader kunne gleda seg over nye gode ledveglys. Og takkar for det.  Samstundes blir det meldt at to av dei gamle lyspunkta, med flott krumma skjerm, er blitt liggjande att på vegskuldera.  Saman med dei ligg ein lang påle. 

Når stordront.no tipsar om  «funnet»,  er det i god tru om at utstyret kan bli til lyspunkt for godtfolk ein annan stad i kommunen.