Også  ein «Omabåt»

Med kraftig mobilkran vart den nye arbeidsbåten sjøsett tysdag. (Foto: Steinar Hystad)

– Jo, me kan vel seia at  farkosten er bygt på ein slags «spekulasjon», sidan det først blir tenkt på sal når båten er ferdig og klar for sjøsetting.

– Me brukar elles ledige timar på slippen på denne typen prosjekt og då kan byggjetida strekkja ut. Siste åra har det vore  helst travelt på vedlikehaldssektoren. Dette er den sjette  arbeidsbåten frå verkstaden her, seier dagleg leiar  Oddvar Oma på slippen ytst i Hamnegata på Leirvik.

Aktørar frå oppdrettsnæringa har alt meldt interesse for den nye stødige katamaranen.