Ønskjer overgangsfelt frå  Trudvangsmoget

Trudvangsmoget er gangveg på privat grunn mellom Borggata og Åsringen. Det er ønskjeleg med gangfelt over gata mot Dampgården. (Foto: Steinar Hystad)

– Trudvangsmoget  er ein mykje brukt gangveg mellom Borggata og Åsringen. Smoget munnar ut i  Borggata  vis a vis Dampgården.  Ein må kryssa hovudgata (fylkesveg 5050) for å koma inn på fortauet ved Dampgården.

Dette skriv ein oppsitjar  i området til kommunen, samstundes som det vert fremja  nytt ønskje om å få til ein merka overgang  for trygg gatekryssing.  I røynda er dette ei gamal sak og eit prosjekt det vart jobba med på 1980-talet.  Då var det tale om å trekkja Trudvangsmoget inn i det kommunale gangvegsystemet. Eitt av kommunen sine vilkår for overtaking av veg/smogansvaret, var vederlagsfri overtaking av grunnen.

Dette vart det ikkje oppnådd semje om, og sidan har planane lege på is.  Ei sperre som  hindrar gjennomkøyring i smoget, er montert.

Når det gjeld etablering av  gangfelt over Borggata, er det ei sak som må avklarast med  vegeigar, Vestland fylkeskommune.