Skulruta 2023-2024 er klar

Slik blir skuleåret 2023/2024 for grunnskulen i Stord.

Fagavdeling  Oppvekst i Stord kommune har hatt forslaget til skulerute for komande skuleår (23/24) ute til høyring og kan melda om fleire innkomne merknader og ønskje.

Det gjeld eit privat ønskje om  at skuleåret startar 15. august, at juleferien startar 21. desember, og at sommarferien startar 19. juni. Det har kome to innspel frå føresette ved Sagvåg skule. Eitt med ønskje om at planleggingsdagar for skule og kommunale barnehagar vert lagde til same dagar. Det andre innspelet er ønskje om rullering av kva veke vinterferien vert lagt til. FAU ved Stord ungdomsskule meiner det pedagogisk hadde vore gunstig å vurdera om vinterferien var ei eller to veker tidlegare, for å skapa litt rom i perioden mellom vinterferie og påske. Eit alternativ kan vera å flytta planleggingsdag 18. mars for å få fulle veker i den korte perioden mellom vinter- og påskefri.

Utdanningsforbundet Stord ønskjer at planleggingsdagen 10. november vert flytta til 9. november grunna Falturiltu-seminar, samt at planleggingsdagen 18. mars vert flytta til 3. januar grunna kort tid mellom vinter- og påskeferie.

Etter gjennomgang av innspela blir konklusjonen frå  fagavdeling oppvekst slik: «Skuleruta er etter høyringsinnspel endra ved at planleggingsdagen 18. mars vert flytta til 3. januar. Dei andre innspela har administrasjonen ikkje funne rom for, då det er viktig å ha ei skulerute for grunnskulane i Stord som i størst mogleg grad samsvarar med skuleruta i Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS). «