Konsert med John-Inge Rolfsnes

John-Inge Rolfsnes held konsert i Gamle Fengselet Kulturhotell laurdag 25. ferbuar kl. 20.00.

Rolfsnes har drive med musikk i ei årrekke og har gitt ut fleire album, EP-ar og singlar. I ein periode på om lag ti år leia han bandet Skrent som har to album bak seg. Dei siste åra har han opptredd og gitt ut musikk under eige namn og med duoen Lykte som består av han og kona hans Gunhild Aadland Rolfsnes. I 2017 vann Rolfsnes låtskrivarkonkurransen til Falturiltufestivalen med låten Tabu/Stigma.

Musikken til Rolfsnes hamnar nok i pop-segmentet, men denne kvelden vil ein få presentert låtane i eit nokså ribba akustisk uttrykk. Tekstane hans skildrar mellommenneskelege aspekt kor respekt for kvarandre, lengsel,  søken etter aksept frå andre menneske og tru på Gud blir teke opp.

Han er utdanna sosionom og jobbar til dagleg i Stord kommune – psykisk helse og rus. Låtskriving og utøvande musikk er noko han driv med ved sida av jobben. Rolfsnes har i hovudsak spelt og opptredd i bedehus og kyrkje, men denne kvelden tek han gitaren og songane sine ut på ein annan arena.  vil framføre låtar frå heile si musikalske karriere og har med seg Jørn Olav Myhre på bass. Alt ligg til rette for ein fin kveld med mykje bra musikk.