Slik kan Sagvåg få ny attraktiv sjøfront

Slik kan det bli sjåande ut på Flatholmen i Sagvåg. (Illustrasjon: ABO Plan & Arkitektur Stord AS)

Stord kommune har overteke den tidlegere ferjekaien i Sagvåg (med ventefiler),  men elles har det ikkje skjedd noko med det tidlegare trafikk-knutepunktet sidan ferja over Stokksundet  vart erstatta med bru for snart 23 år sidan.  I arbeidet med kommunedelplanen  for Sagvåg bydel vart det bede om tips til bruk av arealet og fleire røyster meinte på at bubilcamp var eit godt alternativ. Sagvågplanen er framleis under arbeid – det same er arealdelsplanen for heile kommunen – kor det også blir bede om innspel. 

I den samanheng har grunneigarar via  konsulentverksemda  Plan Vest igjen sendt sine skisse-idear til korleis  området Flatholmen og ytre del av tidlegare ferjekaien kan byggjast opp til å gje Sagvåg ein moderne og attraktiv sjøfront. I skissa er teikna inn  50-70 bueiningar i  fleire bygg og båthamn.  Lun hamn sidan området litt lagleg til mot ver og vind.

Grunneigarane skriv i  vedlegget til teikningane:

«Dette innspelet heng nøye saman med korleis ein i framtida bør oppfatte Sagvåg, og ikkje minst Sagvåg sentrum. Eit romslegare definert funksjonelt sentrum er avgjerande viktig for utviklinga av ein tettstad med ein storleiken på nærare  4000 menneske i omegn. Ved og inntil eit slikt sentrum bør det etter kvart leggjast urban bebyggelse med urbane og moderne bu‐former, møteplassar og gatetun. Det betyr at delar bebyggelsen i Sagvåg sentrum på litt sikt må vike plass for meir konsentrert utbygging, gjerne under kombinasjonen næring/ bustad. Utbygging av Flatholmen står i ein slik kontekst. Ved innseglinga til hamneområdet skal Flatholmen vere med å gje identitet til staden Sagvåg og alt som måtte finnast av bygningsmiljø, brygger og naust lengre inn mot land.»