Bygdalaget tek over Sauebuo

Sagvåg bygdalag er kjøpar av Sauebuo i Sagvågsbrekko. (Foto: Steinar Hystad)

Midt i Sagvågsbrekko står den kvitmåla Sauebuo, som stolt minne om tida då det var fleire daglegvarebutikkar/landhandlar på og rundt kaien i tettstaden. Bygget vart reist av familien Saue i 1911, som seinare bygde ny butikk litt lenger oppe i gata. 

Sagvågen Kystlag kjøpte Sauebuo for ein del år sidan for å ha det til lagshus. Seinare er ein  komen til at drifta på  eigedomssida skal konsentrerast til farty av ymse slag og meir permanent tilhald i dei historiske kystrammene på  Jensaneset.

–  Me fekk tilbod om å kjøpa Sauebuo og då saka var føre på ekstraordinært årsmøte nyleg, vart det eit klart JA  til å overta. Det er viktig å ta vare på bygget og bygdalaget legg opp til aktiv bruk, når me får fiksa bygningen opp litt.  Mellom andre ønskjer damene som møtest til det populære  «Spøt og drøs», å ha framtidig base i dei tidlegare butikklokala, fortel  bygdalagsleiar Stein Braathen, til stordront.no.