Blir skikkeleg festivalopning også i år

Det plar vera fantasifulle antrekk i festivaltoget gjennom Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

Like greitt for oss stordabuar som ikkje skal gå i toget eller spela handball  i pinsen, å kryssa av i kalenderen for ein Vikjo-tur pinseaftan laurdag 27. mai. Leiinga for Hanballfestivalen 2023 har nyleg motteke brev frå kommunen med stadfesting på leige av Torget til innmarsj av deltakartorget og opningsshow. Som vanleg med unge handballspelarar i fantasikostymar og ein engasjert «speaker» Runar Øvrebø ved mikrofonen. Festivalen har hand om Torget for rigging fredag ettermiddag/kveld og heile laurdagen – som vanleg.

 Siste frist for påmelding til årets festival er sett til  1. april.