Nye og kjente stjerneskot til Tysnesfest

Madrugada er klare for Tysnesfest (Foto: Knut Aaserud)

– Årets plakat til Tysnesfest er allereie fullpakka med stjerner, men me er ikkje ferdig endå.  No slepp me fem heilt ulike artistar til festivalen. Den største fellesnemnaren dei har er at dei alle står for umiskjennelege musikalske kvalitetar og leverer artisteri av høg klasse innan heilt ulike sjangrar, fortel Øystein Vaage, festivalsjef i Tysnesfest.

Madrugada, Kari Bremnes, Gunslingers, Han Herman og Emma Steinbakken er stjerner me er stolt av å presentere på Tysnesfest 2023. Og stjernene, funklar finast under nattehimmelen på Tysnesfest.

Det er også Emma Steinbakken som har gjort ein fin figur under «Hver gang vi møtes» på TV2 i vinter (Foto: Ignat Wiig)