Jo, hu e’ der!

Fin februarsild i garnet (Foto: Steinar Hystad)

Om ikkje i dei store mengder denne dagen, så sa hobbyfiskaren seg godt nøgd med vel tretti sildar i garnet ein morgon tidlegare i veka. Fangstreiskapen hadde stått i sjøen på «fast sildaplass», for å testa om  blankfisken hadde planar om besøk til vanleg tid i år også.  Og det hadde silda. 

– Eg tenkjer det blir å gjera fiskane opp med tanke på lubbesild og då storleiken på fangsten heilt grei, lydde kommentaren frå garneigaren.  Fiskeplassen var ein stad ved stor’a-landet.