Ja, no er det betre å gå

Bekken er lagt i røyr og over er det bygt bru. (Foto: Steinar Hystad)

Sidan sist me gjekk gangvegen mellom klekkeriet i Krækjen og brua over Trongaste, har det skjedd ei gledeleg utbetring av stien der det tidlegare var ei steinur å forsera. Bekken som før rann «laust» over vegen, er lagt i røyr og det er laga ei lita bru over det heile. Om det er frivillige krefter som har tatt eit tak og to for utbetring, eller om det er eit offentleg tiltak, har me ikkje funne svar på. Men sikkert er det at  jobben set turfolket pris på og sender ei hjartans takk til dei utførande krefter.