80-års  krigsminne i stranda

Sidan det store smellet 23. januar om kvelden, har metallet frå torpedoen lege i stranda. (Foto: Steinar Hystad)

På denne dato, 23. januar 2023, er det på dagen 80 år sidan allierte styrkar gjennomført raidet mot Stordø Kisgruber på Litlabø. Målet var å stoppa produksjon av eit stoff okkupasjonsmakta trong i krigføringa. Raidet vart gjennomført med commandosoldatar og var særs godt førebudd. 

Arnfinn Haga har skrive over 30 bøker med handling henta frå kringsåra på Vestlandet, to skildrar raidet mot Stordø kisgruber. I utgåva frå 2003 står å lesa om hendingane i Langenuen som førte til at det framleis ligg metall frå ein torpedo synleg ved ekstra fjæra sjø på Leiro.

I landskuggen under Grov låg ein alliert MTB som vaktpost. Langs Huglo seig den tyske lastebåten «Ilse Russ». Haga skriv:

«Avstanden kan dreie seg om 200 meter bort til det fremmede fartøyet da mennene på «Ilse Russ» observerer to hurtige striper på den måneblanke sjøen ut fra landskyggen. To torpedoer passerer uten å treffe. For folkene på «Ile Russ» ter det seg som om de skjærer kloss aktenom hekken.

Sekunder etter lyder to veldige drønn over mot Huglo. Den ene torpedoen går av i det den treffer en stein noen meter fra land. En tilskuer på Huglo som stod et stykke unna, forteller at han merket vibrering under skoene sine. Det steig opp en svær søyle av røyk og ild, leire og evje, stein og grus. Den andre torpedoen piler helt inn i fjæresteinene før den eksploderer og etterlater seg stort undersjøisk krater. Det er som øya rister igjen og vinduer blir ødelagt i hus som står flere hundre meter inne på land.»

I nedre kant av biletet, restane av torpeoden avfyrt frå MTB under landskuggen på Grov, på vestsida av Nuen. (Foto: Steinar Hystad)