Er blitt ganske så flussete 

Vondt å fylla denne vindballongen med vind. (Foto: Steinar Hystad)

Vindballongen på Digernes-sida av Stordabrua viser seg framleis, men ikkje frå si beste side. Ballongen er blitt ganske så flussete, noko som fortel at han heng på ein vèrhard plass. Kollegaen på Føyno-sida av brua er i mykje betre form og ser ut som ein ballong når han blir fylt av vindane. (Kan vel ikkje heilt sjå bort frå at den er nyare). Wikipedia veit vidare å opplysa oss om at vindballong blir omtalt som windsock på eit meir internasjonalt målføre.