Nye Klingenberg kai

Nye Klingenberg kai etter opprustinga. (Foto: Steinar Hystad)

Studie av eldre rutehefte vil visa at Rommetveit var ein av stoppestadane for fjordabåtane til og frå  by’dn. Dei la til ved kaien på Klingeberg, der det også var butikk. Ein av fleire i Nordbygdo den gongen. Kaien har så lang soge at Klingenberg også var farvelhamn for stordabuar som i utvandringsåra søkte lukka i Amerika. 

Dei seinare år har kaien fungerte som småbåthamn, medan vêr og vind og stundevis kraftig sjø sette sine spor. Dei tretten medlemene i Klingenberg Båthamn vart samde om full opprusting. Yttersida av kaien vart plastra med stein og betong, det vart bygt molo mot Nuen og slik er det blitt ei lun og oppdatert hamn på «innsida».  Utstyrt med lang, lang rekke av ledlys riggar  nyekaien imponerande i mørkret.

Det er investert om lag 2,5 millionar kroner i anlegget, opplyser Jan Kåre Pedersen i båtlaget til stordront.no

Nyekaien med ledlys-setting lyser imponerande i mørkret (Foto: Steinar Hystad)