Akutt trong for påfyll

Trong for påfyll her. (Foto: Steinar Hystad)

Tett i  overgangsfeltet som leiar mjuke trafikkantar trygt over starten på Ådlandsvegen (Tysevegen), ved Frugardsbrua, har det laga seg til eit djupt hol i asfalten. Ikkje til meins for gåande, førebels, men etterkvart ein stygg stad å køyra nedi for bilar.  

Straks stordront.no hadde knipsa biletet, dumpa ein mindre personbil nedi, og det er meir enn rimeleg grunn til å tru at sjåføren sa eitkvart kvasst som ikkje heilt høver i familiære julaselskap.

Grunnen til at  denne nettstad meiner det er akutt trong for påfyll, er ambulansar på veg til og frå sjukehuset brukar vegen mange gonger dagleg.  Ein smell i  holet gjer det vondt og utriveleg for både pasient og ambulansemannskapet.