1 185 anløp på Leirvik i fjor

Jamt å sjå i Leirvik hamn. (Foto: Steinar Hystad)

Ambulansebåten  «Rosedoktoren» legg frå kaien ved basen på Sunde om lag 1400 gonger i året, dei aller fleste turar går til Leirvik og ventande ambulansebil. I fjor vart det registreret 1185 anløp for den gule katamaranen ved Skotabergkaien. Det gjev eit snitt pr dag  på 3,2 besøk.  

«Rosedoktoren» er med desse talar den travlaste ambulansebåten i landet. Sunnhordlandsbassenget er rekna som fartsområde, men båten er sertifisert også for å kunna ta tur sørover til Espevær og nordover til Bergen. Båten vart sett i drift for Helse Fonna 1. april 2019, og er eigd av Gulen skyss.

Desse fakta om ambulansebåten er står å lesa i omtalen på nettsida til Helse Fonna

  • Båten er spesialbygd til ambulanseverksemd, og har same akuttmedisinske utstyr som ein ambulansebil, men betre kapasitet
  • Rosedoktoren går primært ambulanseoppdrag, men tar også noko ordinær pasienttransport.
  • Den nye båten er ein katamaran med to skrog, som gjer at den går rolegare i sjøen. I kravspesifikasjonen er det vektlagt HMS, støy og komfort
  • Når båten går ut på ambulanseoppdrag har den med skipper, motormann og to ambulansearbeidarar frå Helse Fonna
  • Helse Fonna har utarbeidd konkurransegrunnlaget som Gulen Skyss har bygd båten etter. Helse Fonna har inngått ein avtale med Gulen Skyss på 6+2+2 år
  • Ambulansebåten har moderne Euro6-motorar med nyaste teknologi med tanke på å redusere utslepp