– Klagar på kommunalt nei til bruksendring

– Rein ønskjetenking at det her blir ei «koseleg intim handlegate». (Foto: Steinar Hystad)

På delegasjonsfullmakt svarte administrasjonen i kommunen nei til søknad om  bruksendring av eit  lokale på gateplan i Øvre Borggata.  Bruksendringa galdt  frå næring, til bustadføremål.

I avslaget vart det m.a. vist til saksuttale frå kulturmyndet, som uttrykte ønskje om å gjera  Øvre Borggata  til «ei koseleg intim handlegata».

– Det er rein ønskjetenking, utan bakgrunn i den verkelege situasjonen, skriv konsulenten som på vegner av klient no klagar på avslaget.

Der administrasjonen er oppteken av det som er nedfelt i kommuneplanar for sentrum, mellom anna at det skal vera forretningslokale  på gateplan, viser klagen til realitetane i nabolaget.

Fleire eldre bygg i gata er, med kommunal godkjenning,  blitt reine bustadhus utan næringslokale. I det no omsøkte bygget er storparten av gateplanet brukt til næring, berre ein liten del er tenkt som bustad.  Av likebehandlingsomsyn bør difor søknaden om bruksendring bli gokjent, går det fram av klagen.