Eit historisk år for den lokale arbeidsmarknaden 

(Arkivfoto: Steinar Hystad)

I desember var arbeidsløysa i Sunnhordland 1 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Det er ein oppgang på 6 i høve november månad. Samstundes har arbeidssøkarbeholdninga totalt – summen av dei heilt ledige, delvis ledige og ledige på tiltak – også gått ned i desember med 8 personar mot november månad.  

Det er på alle moglege vis eit historisk år me legg bak oss for arbeidsmarknaden i Sunnhordland. Året starta med ein tilgang på ledige stillinga som me ikkje har sett makan til før, med over 800 i både januar og februar. Året sluttar med ei framleis historisk låg arbeidsløyse og ein liten auke i tilgang på utlyste stillingar, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

Det var i desember tilgang på 394 stillingar. Dette talet er høgare enn i november, då talet var 345. Samstundes er desember ein statistikkmånad med særleg få verkedagar.