– Skal salmeboka bytast med prosjektorar?

Skrifta på veggen er eit supplement til salmeboka (Foto: Privat)

På kvite murveggen over talarstolen i Stord kyrkje lyser orda i  julesalmen «Det lyser i stille grender», og andre  tekstar til fellessongen på skulegudstenestene før juleferien starta.

Sterke prosjektorar syt for «oversending» av teksten, og det kjem spørsmål om samleboka skal bytast ut med ny teknikk?

– Nei, det har me ingen planar om, seier kyrkjeverje Liv Kari Bru.

– Prosjektorane vart kjøpt inn i høve pandemien  og vil nok enno ei stund berre vera eit supplement. Salmeboka er det framleis mange som ønskje å halda på, særleg dei som likar å syngja etter notar. Vidare er det slik at Stord kyrkje er av eldre konstruksjon som gjer det utfordrande å gjera teksten på veggen synleg for alle. Akkurat den biten blir det arbeidd for å finna løysingar på, og i alle slik gjeremål krev alderen at me samarbeider nært med Riksantikvaren for å få nyvinningane godkjende. Nysæter kyrkje er enklare slik sett, der er  skjermane synlege  frå alle vinklar.

– Er det eigentleg mange som syng i kyrkja?

– Ja, styrken på songen i kyrkjene våre er god. Folk song godt, seier Liv Kari Bru  til stordront.no.