Julehyggje frå musikklina

Alltid vakre «En stjerne skinner i natt» framført med kor og orkester. (Foto: Steinar Hystad)

Det vart så visst påfyll av julestemning for publikumet i den nær fullsette  konsertsalen på Stord vidaregåande fredag kveld. Der inviterte andreklassen på musikklina til konsert, med repertoar henta frå den tjukke  songboka for juleklassikarar. 

Dei unge musikantar og songarar  sette stemningen frå første strofar i felleskor, og vidare utover med blåsetrio, stryketrio og strykekvartett, piano og gitar til  tonefølgje.

Litt frå utlandet, men mest frå det norske «julesongheftet: «Home for Christmas», «Romjulsdrøm», «Jeg så mamma kysse nissen», «Nordnorsk julesalme», «Mitt hjerte alltid banker»», var nokre av  låtane ungdomane baud på, før den mektige avslutting med vakre «En stjerne skinner i natt». Framført med kor og orkester. 

Eit imponert publikum takka for julehygga med varm og god applaus. 

Og igjen kan me notera at det gror godt i det vidaregåande musikkmiljøet på øya. Takk skal de ha.