Kvelve freistar til skitur

Desembersol og snøkvitt under blå himmel i Kvelve. (Foto: Steinar Hystad)

Under knallblå himmel skein det torsdag føremiddag vemodig vakkert  i snøen  som har lagt seg i Fossabrekko og Kvelve – men kanskje ikkje i dei mengder me kunne tru.  Frå dei øvre fjellstrakter blir det tipsa om at det ikkje er særleg meir snø enn i låglandet. Nok til ein  tur, er det nok likevel, og den bør me vel ta snarast sidan det er varsla  mildare vera framover.

På fjesbok-sida har Stord Ski lagt ut denne føremeldinga:

– Kjørt lysløypa to rundar. Er faste fine forhold til skøyting og klassisk. På Heio er det meir ujamne snøforhold, men ok til klassisk, dårlig til skøyting, Snøen har delvis blåst vekk. Temp i løypa mellom -7 til -13 grader.