Sykkelbyen er vekke – men teljaren tel

Teljaren på Vabakkjen er eit levande minne om Sykkelbyen. (Foto: Steinar Hystad)

Etter det stordront.no kjenner til, er prosjektet som gjorde Stord til sykkelbyen «lett og tett» for lengst avslutta. Sameleis er pengane som vart til overs i prosjektet fordelte mellom kommunen og fylkeskommunen og vegvesenet – trioen som var saman om tiltaket som skulle fremja god folkehelse gjennom pedaltrøing.  Eigen rapport stadfestar at Stord fekk ein heil del praktisk att for satsinga, som sykkelvegar og parkeringsskur for tohjulingar.   

På Vabakkjen vart det, som ein lekk i å la det gå sport i dagleg sykling, montert eige teljeapparat. Funksjonen har vore  ikkje så lite på og av dei åra anlegget har stått rett nedom den store rundkøyringa. 

Teljaren ønskje fint velkomen til Leirvik og takkar kvitt på svart for at «du syklar i dag». Helsinga er underteikna   Sykkelbyen Stord, Stord kommune , Hordaland fylkeskommune og Vegvesenet.

Når stordront.no freistar å finna ut kva «misjon» teljaren har per dato, er rette person vanskeleg å finna.  Ei  omorganisering av vegmynde mellom fylkeskommunen og vegvesenet er ein av grunnane til uvissa.

I mellomtida – tel teljaren.