Swingande helsing frå Odda

Blues med høgt turtal gav høg stemning. (Foto: Steinar Hystad)

Når det dreg seg til haust har oddingane ein god vane med å be inn til blueshelga «Lokst utøve». Laurdag hadde dei røynde musikarane i «Vetshus Bluesband» sjølve teke turen lokst utøve til Stord, og det var eit 80-tals publikumarar på Stord Hotell klappande glade for. Jazzklubben si bluesmarkering gjekk over to kveldar: – Dei lokale banda «Heimabrygg og Bømlablues» og «Tubesnakes « spelte opp til ei feststund fredagen. Rundt 80 lyttande og takt-trappande i «salongen» då også. 

Vetrhus Bluesband hadde friske låtar med tett komp, sterke gitarriff og munnspel i bagasjen til konserten. Stordabuen tok så vel imot oddingane at dei nærast måtte lova å ta ein ny tur «lokst utøve» mot havet.