
Stordront.no sin påstand om at ymseposten tidvis er undervurdert i referat- og nyhende-samanheng, står ved lag. For landbruks-, natur- og jaktinteresserte er det nemleg nytt å lesa i ordskiftet som avslutta februarmøtet i Fitjar Viltnemnd. Me siterer under ymse:
- Viltnemnda tek opp at det vil bli utfordringar knytt til gåsebestanden dette året. Kommunen informerte om at fleire kommunar har lagt press på fylkeskommunen og Statsforvaltaren for å få fleire verkemiddel til å handtere bestanden. Det er utfordringar knytt til egginnsamling, då ein ofte ikkje finn egga. Det er også interesse for å etablere eit sporingsprosjekt for å kartleggje korleis gåsa beveger seg. Vidare vert det stilt spørsmål ved mogleikane for jakt på gåseungar som eit tiltak for bestandsregulering.
- Svaneproblematikk er òg ei aukande bekymring, då desse fuglane forårsakar store beiteskadar.
- Viltnemnda fremjar forslag om innføring av skotpremie på kråke for å regulere bestanden.
- Det er registrert ein nedgang i bestanden av orrfugl og anna småvilt. Viltnemnda ønskjer å bruke tid på å finne ut årsakene til dette og leggje til rette for ei undersøking av situasjonen.
- Viltnemnda meiner det er behov for ei ny vurdering av viltet i fjellet og ønskjer at dette vert sett på i forvaltninga framover.