
Ein minibane for leik på skeiser, vart rigga til i Borggarden, utfor Rådhuset, i helga som var. Uvisse kring etableringa og denne type bruk av arealet gjorde at berre «rammeverket» for banen vart montert. Etter det Stordront.no får opplyst skal tiltaket ha fått kommunal godkjenning. I dagane som kjem er ikkje er det ikkje akkurat iskulde som er meldt, men det er lov å ynskje at regnvatnet frys til trygg naturis, som underlag for kunstløp og den slags.