Naustforeningen Nytt i Naust engasjerer seg

Salamon Bua på Nordhuglo har fått «lytt liv» etter omfattande  rehabilitering. (Foto: Steinar Hystad)

Ei raudt eldre bygg i sjøkanten inst i Huglavikjo har fått  «nytt liv» etter ei større rehabilitering og modernisering. Salamon bua er blitt ein stad for utleige og ein samlingsstad kring kaffi og spennande  kaker.  Å ta vare på  eldre kystbygg gjennom aktiv bruk er heilt i tråd med ideen bak nyskipinga  Naustforeningen Nytt i Naust, med base på Sotra. Styreleiar Sverre Sangolt  har sendt brev til kystkommunar, med oppmoding til smidigare saksbehandling  ved bruksendring og istandsetjing av eksisterande bygningsmasse i 100-metersbeltet.

– Bakgrunnen er at våre medlemer møter langvarig og innimellom  uskjøneleg og kostbar saksbehandling i møte med det offentlege.  Riksantikvaren har slått fast at om lag 70% av naust/sjøbuer/kaiar/hengjer/sjøbrukinnretningar er i alvorleg forfall.  Riksantikvaren slår alarm og har uttalt at no er det prekært å berga bygningsmassen gjennom  ny bruk, før den vert borte for godt, påpeikar Naustforeningen Nytt i Naust.