– 1 cm ikkje utlagsgjevande for risiko

Rekkverket er er 1 cm for lågt, men det vert ikkje vurdert som utslagsgjevande for risiko. (Foto: Steinar Hystad)

Etter eit besøk på Nordbygdo ungdomskule før jul vart kommunestyrerepresentant Fredrik Metäla informert om bekymring frå både tilsette og elevar knytt til rekkverket som skiljer mellom etasjane i fellesarealet på skulen. Han fekk mellom anna opplyst at det har vore fleire «nesten-ulukker» ved at personar på veg over det 99 cm høge rekkverket har blitt berga i siste sekund. Fallhøgda til underetasjen er fire meter.

Metäla meldte difor inn spørsmål til Utval for oppvekst og kultur, kor han viser til regelverk for rekkverk (skal ha høgde som hindrar fall og samanstøyt) og spør kva kommunedirektøren vil gjera med Nordbygdo U-skule.

Her er svaret frå kommunedirektøren:

Kommunedirektøren er kjend med at det er meldt avvik i perioden jan-2021 til d.d. som gjeld nestenuhell som følgje av at elev med særskilte utfordringar tek seg til rekkverket og hiv seg over. Det har vore hindra større ulukker på Nordbygdo ungdomsskule på grunn av inngripen frå tilsette ved skulen.

Det har vore peika på at rekkverket ikkje er bygd tilstrekkeleg høgt, der minimumskrav i TEK-10 er 100 cm frå golv til topp. På det lågaste er rekkverket målt til 99 cm. Dette vart ikkje oppdaga då bygget var nytt, som elles er bygd etter dei krav og spesifikasjonar som gjaldt når bygget var nytt (TEK-10).

Tekniske tenester, avdeling bygg, vart gjort merksam på behov for tiltak i august 2023, og gjennomførte synfaring. Det er og henta inn pris på heving av rekkverket til neste nivå i TEK-17, som seier at høgdeforskjell på meir enn 10 meter krev 1,2 meter rekkverk. Pris vart henta inn frå lokal tilbydar, estimert til 108.000 kr eks mva. Tiltaket kunne utførast på kort varsel, og gjaldt tiltak i mest prioritert område av rekkverket. Det er per i dag ikkje vurdert andre tilbydarar, men det må gjerast dersom ein har budsjett til tiltaket.

På grunn av manglande budsjett, vart behovet spelt inn av rektor ved Nordbygdo ungdomsskule til budsjett 2024. Avviket på 1 cm på lågaste punkt av rekkverket er ikkje vurdert til å vera utslagsgjevande for kor stor risiko det er for at personar kan dette ned.