Vart noregsmeistrar i lagturn 1960

Noregsmeistrar i turn 1960 (Foto: Gunnar Oddsen)

90-årsfesten til Kristian Lunde i Samhald nyleg, vart også eit treff for Stord-trioen som tok gullmedaljen i klasse B i lagturn i Sarpsborg for 66 år sidan – i 1960. Endeleg kunne sigersbiletet takast, med Lars Mugaas (90), og brørne Kristian og Leif Lunde (86). I NM viste dei sin dugleik i seks disiplinar to gonger, først dei obligatoriske øvingane, så dei sjølvvalde. Samla poengsum sikra sigeren.

– Minnest me kom litt i tidsnaud og lurte på om me måtte reisa før svingstongkonkurransen for å nå toget i Oslo. Men så sa tilskiparen av dei spanderte drosje og me fekk fullført tevlinga, fortel jubilant Kristian Lunde. Han og Lars Mugaas er framleis i turnaktivitet i regi av Idrettslaget – slik dei har vore siste 81 åra. Leif Lunde har siste åra budd i Halden.