
Medlem i Utval for byutvikling, Tom Knudsen (H), har til komande møte meldt spørsmål og interpellasjon kring saksbehandlingstid og bustadplanar i tidbolken 2016-2026. Knudsen spør for å sikra seg eit godt faktagrunnlag kring utviklinga i bygge- og utbyggingstakten i Stord kommune. Politikaren ønskjer svar på følgjande:
- Kor mange reguleringsplanar er «meldt oppstart» for bustad- og næringsføremål i Stord kommune i perioden 2016 – 2026 år for år, ekskl. eldre reguleringsplanar som blei behandla i forbindelse med Kommuneplanens arealdel?
- Kor mange nye reguleringsplanar for bustad- og næringsføremål vart fremja til behandling i perioden 2016 – 2026?
- Kor mange reguleringsplanar for bustad- og næringsføremål vart endeleg vedtekne i perioden 2016 – 2026?
- Korleis har den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for reguleringsplanar utvikla seg i perioden 2016 – 2026? Dersom tala viser ein vesentleg endring i talet på reguleringsplanar, kva meiner administrasjonen er dei viktigaste årsakene til utviklinga?
- Saksbehandlingstid for byggesak i åra 2016 – 2026
