
Stord kommunestyre drøfta på møtet sist veke nytt opplegg for bruk og kjøp av elev pc’ar. Det vart gjort slikt vedtak:
Kommunestyret vedtek frå hausten 2027 fylgjande ordning for innkjøp og rullering av PC-ar i grunnskulen:
Elevane disponerer eigen PC frå 3. trinn.
Elevar på 1. trinn disponerer ikkje eigen PC i skuletida, medan elevar på 2. trinn har ein PC delt på 5 elevar(1:5). Desse PC-ane vert fornya kvart fjerde år.
Det vert kjøpt PC til kvar elev to gonger gjennom grunnskulen; elevane får ein PC på 3. trinn som vert brukt ut 6. trinn, og ein PC på 7. trinn som vert brukt ut 10. trinn.
Ny ordning for innkjøp og rullering av elev-PC-ar skal evaluerast innan arbeid med budsjett 2031.
